fredag 28. desember 2012

SUPER JULEGÅVE



Denne supre kameraveska til å henge rundt livet var ei av julegåvene eg fekk av mine kjære!
I dag har eg vore ute og testa den. Det kan du lese om  HER .
Veska er kjempeflott, sit godt på rumpa når eg går og enkelt å få kameraet opp og ned av den sidan den har god opning. Heilt super rett og slett sidan mitt kamera er ganske tungt å bere på. No er ikkje det noko problem lenger!



Fint og vinterleg ved Hovdevatnet i dag.

Fortsatt god romjul til alle!

                                     Helsing frå Alva

                       

tirsdag 18. desember 2012

RAUDT

Det har ikkje vorte så mykje sying siste vekene, men litt har no vorte laga. Ikkje alt kan visast på bloggen sidan det snart er jul. Men denne Postman Pat overallen kan eg vise, for det er ikkje gåve.



Den vart laga i same farta som eg laga dei to forrige. Postman Pat vert eg aldri lei av. Har heldigvis enno ein del motiv att.

                                           



Det raude snik seg meir og meir inn i heimen, dvs. inn på kjøkkenet. Starta litt forsiktig til advent, og i dag har eg pynta med ruta band og leitt fram litt meir av det raude.
Eg er ganske tradisjonell når det gjeld jula, må ha med litt raudt. Men på stova er det ingenting som minner om jul endå, og sånn skal det vere til lillejulafta.



Svibel i eit sausenebb er standard på kjøkkenbordet. Sausenebbet er eit bruktfunn. Fatet under er fast på. Pynta med eit ruta band vert det straks meir julete. Ein rutete duk har og kome på bordet.


Tomatar har vi alltid i ei skål på bordet, og i dag vart den skifta ut med ei raud prikkete. Kakeboksa er eg veldig glad i, det var ei av dei fyrste kakeboksane eg kjøpte som nygift i 1981! Kunna ikkje passa bedre i dag......... Stoffposen rommar vitaminer og fyrstikker. Veldig praktisk! Sjølvlaga - såklart.






Eg var så heldig at eg fekk ein stor flott asalea her ein dag. Det er ei plante som treng uhorveleg mykje vatn, så den får seg dagleg eit bad i ei bøtte. Ein dag låg der att ei lita grein i bøtta etter dåpen   
og den fekk kome i eit lite glas - funne på gjenbruk sjølvsagt. Med eit rutete band på vart det veldig julete og fint synest eg.


Siste veka før jul allereie!! Det går rivande fort no.....
Vi er heldigvis velsigna med eit nydeleg ver her på desse kantar og det skulle visst vare fram til iallefall julafta. Utruleg deilig! Og ikkje minst lettvint......

Håper du har det bra der du er, eg har det iallefall supert!!!!

                                       Klem frå Alva


lørdag 15. desember 2012

KASPARAS KONJAKK-KRANSAR


Det som er så kjekt med å blogge er at ein både kan inspirere andre og verte inspirert sjølv.
Synest det er utruleg kjekt når nokon skriv i kommentarfeltet at dei har laga eller skal lage noko eg har vist. Så lenge det er til eige bruk eller gåve synest eg det er heilt greitt at ting vert kopiert. Noko anna er det visst det er laga for salg. Då synest eg ikkje det er greit å verte kopiert.
Ein bør uansett fortelle kvar ein har sett ideen viss ein viser det på bloggen.

I dag har eg vore inspirert til å lage Kasparas gode konjakk-kransar.


Og desse kan virkelig anbefalast på det varmaste! Fekk tillatelse frå husbonden til å ta konjakk (for konjakk er ikkje mi greie....) Til gjengjeld fekk han smaksprøve før dei var skikkelig kalde.
Og dei lydane som kom frå han kan berre tolkast som at dei var meir enn gode!
Oppskrifta på desse godbitane finn du HER .
Må innrømme at det var ei lita tålmodigheitsprøve med trilling og fletting, men vel verdt arbeidet!

I morgon står gjærbakst for tur og då vert det ikkje laga meir for mitt vedkomande.

God laurdagskveld til deg:))

                                             Klem frå Alva

onsdag 12. desember 2012

HUSK SMÅFUGLANE!


Berre eit kjapt innlegg frå meg no på formiddagen.....
Her vart det brått kaldt igjen, minus 9 viste målaren i dag tidleg.
I går kom det  også litt snø, så då er det på tide å tenkje på småfuglane.

Eg lagar enkelt og greitt fuglemat sjølv. Har hatt litt dårlig erfaring med dei ferdigkjøpte meisebollane, synest ofte dei surnar og fuglane vil ikkje ha dei. Dei heimelaga elskar dei!
Eg smeltar ein pakke matfeitt( eg brukar Flott matfeitt) i ei panne og tilset villfuglblanding, reinska solsikkekjerner, fuglenøtter, litt kokosmasse, litt havregryn og rosiner. Så fyller eg det på mjelkekartongar eller pappkrus. Festar ein taubit på ein liten pinne(brukar ein bit av ein blomsterpinne)og legg det i botnen før fylling. Strammar litt i tauet medan eg fyller slik at det kjem nokolunde i midten.
Så er det berre å la det stivne før eg fjernar pappen.


Så mykje vart det av dagens produksjon. Seinare idag skal det hengast ut i treet utanfor vinduet,
til glede for småfuglane og ikkje minst pus som har underhaldning i vinduskarmen innanfor!

Takk for alle koslege kommentarar på forrige innlegg:) Set stor pris på kvar og ein!

Ein strålande onsdag ynskjer eg deg!

                                        Helsing Alva

søndag 9. desember 2012

FØRJULSKOS


I dag har vi hatt ein skikkelig kosedag her i huset!
Starta dagen med å lage ein adventsdekorajon. Bedre seint enn aldri.....


Enkelt og greitt, heilt i min stil......


 Denne terrinen i sølvplett fekk vi i bryllupsgåve tidleg på -80 talet. Har aldri brukt den til det den er meint, men den er super å lage dekorasjon i. Det høyrer også med eit lokk i sølvplett.

Så fortsette dagen med julemannbaking i lag med dotter mi.


Her er oppskrifta vi brukar:

                                  JULEMENN

                                500g. sukker
                                250g. smelta margarin
                                5dl. mjelk
                                30g. (2ss.)hjortesalt
                                mjøl til passe deig
Må ikkje kjevlast for tynne. Steikast ved 200gr. ca. 10 min.
Desse vert litt tjukke og mjuke inni.


 Vi malar før steiking, då vert det mykje finare.....


 Steiking pågår......

Det er nokre ting som høyrer med når vi har bakedag før jul.
Noko av det viktigaste er denne CD-plata:

 Den har vi spelt i mange,mange år og er den finaste juleplata vi veit om!



Noko anna som er tradisjon er gløgg. Det må vi ha når julemannane skal smakast på.....
        Og så må vi ha levande lys på bordet.


 Dotter mi er nyforlova og romantisk så her har ho laga eit hjerte til seg og kjæresten.....



 Her er det ferdige resultatet, og dei smakte fortreffelig!
I tillegg laga vi cookies og kransekakestenger, og toppa det heile med brente mandlar.

Slike kosedagar som dette er gull verdt og det beste med heile førjulstida!

I dag synest eg teksta på tavla mi passa ekstra godt!!

Håper du også har hatt ein koselig søndag!

                                     Klem frå Alva

torsdag 6. desember 2012

TO SMÅ OVERALLAR.

Då kan eg krysse to bestillingar av lista mi. Godt med alt som er unnagjort......

To overallar i str. 1år  med Postman Pat motiv. Bestillar ynskte strikk nede i staden for oppbrett, og det synest eg faktisk vart finare. Buksa er ikkje fora heilt ned.



Storkosar meg når eg syr desse overallane! Det er så gøy å leike seg med stoff i ulike fargar , motiv og band!  Diggar desse Postman Pat motiva!

Her har vi hatt kaldt ver i over ei veke no, så eg har gått litt i hi.....
Trivest ikkje i slik kulde, men det skal visst vare ei stund enno så eg får vel halde meg inne i hiet mitt ei stund til! Kosar meg med litt sying og i helga vert det baking i lag med dotter mi.
Sist helg baka vi lefser, veldig kjekt å gjere slikt i lag. Ho har teke over kjevlinga for hendene mine greier ikkje den jobben lenger. Og det klarer ho med glans!

Ynskjer alle ei fin førjulstid! Husk å nyte desse dagane saman med dei du er glad i!

                                            Klem frå Alva.

torsdag 22. november 2012

Då syster mi vart henta av heksa......

Som eg fortalte i forrige innlegg så har eg ei syster med ganske så livleg fantasi. Ho er fire år eldre enn meg og eg såg veldig opp til henne og trudde sjølvsagt på alt ho sa! No skal det seiast at eg er ganske lettlurt, det er mange som har hatt mykje løye med det.......


Eg veit ikkje kor gammal eg kunne ha vore då denne historia dukka opp, men eg huskar den iallefall veldig godt! Sikkert fordi den gjorde eit sterkt inntrykk på meg!

Syster mi fortalte meg nemlig at ho hadde vore på Bloksberg!
"Og korleis kom du deg dit då" ville eg vite.
"Jau, heksa kom og henta meg og så fekk eg sete på med sopelimen hennar" kunne ho fortelje meg.
Eg var litt tvilande til denne historia så eg spurde om ikkje mamma og pappa hadde merka at ho var vekke. For dei hadde ikkje sagt noko om dette til meg.
"Neida, dei merka ingenting for heksa kom om natta då alle sov"
"Jammen, viss dei vakna og såg at senga di var tom då?"
"Heksa la att ein lapp på puta mi slik at dei skulle vite kvar eg var." Ho hadde visst eit svar på alt,
så no var eg endeleg overbevist.
Eg lurte på korleis det såg ut på Bloksberg .
Og då kunne ho fortelje at Bloksberg var eit stort, høgt berg dekt av berre mose og så var det hav rundt på alle kantar. Og det var fullt av andre barn der.
Så ville eg vete kva dei fekk til mat og drikke.
"Nei, mat fekk vi ikkje, og skulle vi ha drikke måtte vi lage oss koppar av mose og gråte tårer nedi og drikke dei". Stakkars ungar, då var eg jammen glad eg ikkje vart henta av heksa!



"Kor lenge var du på Bloksberg då"  ville eg vete.
" Eg var der i mange dagar, men egentlig var eg vekke berre ei natt"
Dette var litt vanskelig å forstå, men eg godtok det svaret også....
Før morgonen grydde så skyssa heksa henne heimatt på sopelimen, inn gjennom eit ope vindu og oppatt i senga utan at ei sjel hadde merka at ho hadde vore vekk. Det synest eg var godt gjort!

Så slik er historia om då syster mi vart henta til Bloksberg av heksa!
I mange mange år trudde eg at dette var ei sann historie. Eg funderte veldig på det, og laga meg bilde i hovudet av både heksa og Bloksberg.....

Då eg for nokre år sidan fann mønster til dette veggteppet i ei av bøkene til Lise Bergene visste eg med ein gong at eg måtte lage det til syster mi. Tittelen på det er " Til Blokksberg" og kunne ikkje passa bedre! Ho fekk det i bursdagspresang, og det vart veldig godt motteke. Det heng i stova hennar, over sofaen!

Må legge til at syster mi er utdanna førskulelærar og det er mange barn og ikkje minst kollegaer som har nytt godt av fantasien hennar!

Takk skal du ha R.! Verden hadde vore fattigare utan deg! Du er unik!

                                  Stor klem frå Alva

tirsdag 20. november 2012

UGLER I HAGEN.....



 Denne flokken med ugler kom flygande inn i hagen og landa i plommetreet!



 Her sit dei vaglande i vinden og mildveret og veit ikkje heilt kvar dei er komne......


 Ulfhild er litt blyg og småredd.....



 Grønn-Ulf er klar i blikket og veldig spent.....


 Uglfrid er visst sliten etter flygeturen.....



 Blågg- Ulf himlar med det blå blikket sitt og lurer på kva som skal skje.... Er det ei søt ugle-jente i sikte snart?







No har dei flytta inn på sofaryggen i påvente av å kome opp i kofferten til Ulrikke. Blågg-Ulf har høyrt rykte om den fine Ulrikke og gled seg veldig til å møte henne.

Synest du eg har livleg fantasi???? Dette er ingenting i forhold til storesyster mi.....
Ho har livleg fantasi ho!! Då vi var små dikta ho opp dei mest utrulege historier som ho fortalte til meg.
Og eg trudde sjølvsagt på alt ho fortalte.
Neste gong skal eg fortelle ei av historiene.... Og den foregår i reinaste Harry Potter stil.....


                                                                  ***********************


Lurer på kva dei tenkte karane som grov i bakken oppom huset vårt då eg sprang rundt i hagen med fargerike skapningar og plasserte dei opp i trea.... Ikkje kunne vel dei vite at eg er bloggedame og må ta fantasifulle bilde til neste innlegg.....(og ikkje veit dei vel kva ei bloggedame er for noko heller......)
Og dei av naboane som såg meg i aksjon fekk vel berre bekrefta sine mistankar - at ho der i nr.26 er temmelig sprø..........

                                                    MEN BRYR EG MEG OM DET?????  NEIIIDA!!!!!


Her er det 12 grader og mild fønvind! Deilig!!!!
Håper du også har det fint!

                                               Klem frå Alva

lørdag 17. november 2012

Vellukka opning av julebutikken!

Då har vi opna julebutikken vår og eg skal sei det vart vellukka! Med fin omtale i lokalavisa i dag vart det ein bra start! Mykje folk var innom dørene til den koslige butikken vår der ein vart møtt av den nydelege lukta av krydderhjerta mine. Heilt ut i gangen lukta det og mange lurte på kva det var som lukta så godt!

Alle måtte bort til juletreet og stikke nasa inni i striehjerta fylt med herlig krydder! Gremmes over det dårlige bildet! Må bruke blitz, for det er litt dårlig belysning der.



 Her er det nostalgiske hjørne......



Salget vart bra,eg er iallefall kjempefornøgd med første dagen! To av snurreskjørta vart selde, blant anna det rosa med hestemotiv på. Det kan du sjå her . Så eg må nok sy litt fleire skjørt.....







The Ugly Family er no splitta, berre stakkars Ulrikke sit einsam att i kofferten. Resten av familien fekk nye heimar i dag. Får sjå om ikkje eg får laga nye familiemedlemar til henne for det vart litt tomt i kofferten....

Tilbakemeldingane var veldige gode, særleg over det fine lokalet og den flotte utstillinga vi hadde laga til. Veldig inspirerande og kjekt med så god respons!

Då ynskjer eg alle ei god helg! Ser ut som der vert litt sying på meg.....


                                                   Klem frå Alva

torsdag 15. november 2012

Julebutikken i Svendsengarden


Her kjem nokre bilde frå julebutikken.  Det står enno att litt detaljar, men det meste er på plass.




I denne bygninga tilhøyrande Svendsengarden i Ørsta held altså julebutikken til. Her i dette lokalet har det blant anna vore landhandel, bibliotek og bakeriutsal. Vindusutstillinga er ikkje heilt ferdig her.



Sjå på dette fantastisk flotte inngangspartiet! Men det er ikkje her inngangen skal vere, for her går det rett ut i ein sterkt trafikkert vei. Nei, inngangen vert her....

..... frå bakgarden til Svendsengarden.


Dette møter du når du kjem inn gjennom døra frå gangen. Masse flott handtverk!
Vi er sju kreative damer som er i lag om julebutikken. Lokalet er som skapt for ei slik utstilling! Sjå på dei nydelege veggane! Fargane går i gammelrosa, den nydelegaste lysegrøne farge du kan tenke deg og grått listverk. Her kunne eg nesten budd!


 Kjolar og strikkeplagg.....



 Bilde og barnekle...... "The Ugly family" er med , dei bor framleis i ein gammal koffert. Lurer du på kva the Ugly family er for noko kan du lese om dei her  og  her .



 Sjekk desse stilige grisane då.



 Smykker, glasfat, hekla huer......


 Puter
















Nydelig glaskunst.


Julebutikken opnar altså fyrstkomande laurdag og held ope kvar laurdag fram til jul frå kl. 11-16.
Kjem nok til å opdatere med fleire bilde etterkvart.

Håper dei som bor her i distriktet tek seg ein tur innom den flotte julebutikken vår!

                                               Helsing frå Alva