lørdag 16. juni 2012

LYSEGRØNT BRUKTFUNN



Skulle berre ein snartur på bruktbutikken i dag for å finne eit laken eller dynetrekk til bakstykke på eit lappeteppe eg held på med, men måtte sjølvsagt ta  runda når eg først var der.  Og for ei lukke kva eg fann!


Fem asjettar Sissel frå Figgjo i ein aldeles nydelig lysegrøn farge!!  Elskar fargen og elskar dette serviset!
Så no ynskjer eg meg inderleg koppane som høyrer til!!
 Denne lysegrøne fargen er min sommarfarge nr. 1.
Om sommaren vert alle detaljar på kjøkkenet endra til lysegrønt.
 Har mange bruktfunn på kjøkkenet i akkurat denne fargen:









Flaskene på hylla er frå IB Laursen, lyslykta frå skeidar,resten er bruktfunn. Det same med det som heng på knaggane bortsett frå tavla, den er frå www.wallas-verden.no/

                                         Klokka på veggen er frå Jysk.





Måtte prøvedekke på kjøkkenbordet då eg kom heim :) Vart rett så koslig synest eg. Koppane fekk eg i bursdagspresang i fjor,det er bruktkjøp frå Sverige. Duken er også bruktfunn,den ligg på bordet heile sommaren. Skåla som tomatane ligg i er frå Figgjo og frå bruktbutikken. Krukka som basilikumen står i er også bruktfunn.

Elskar den turkise fargen på koppane!!





                    Det har vorte  eit par lysegrøne ting på syrommet også :


Romsleg skulderveske og sminkepung i herleg polkadottstoff.






                    Tilslutt må eg berre ta med utsikta mi ut gjennom stoveglaset :


Fargen på himmelen og på fjorden var så fantastisk fin i kveld. Fjellet midt i bildet heiter Saudehornet og ligg i Ørsta.


Og eg fann bakstykke til lappeteppet mitt, så i morgen har eg tenkt å gjere det ferdig.


Heldigvis har dataproblema retta seg, maskina har visst ordna opp sjølv . Ein morgon  då eg sto opp virka alt som det skulle. Lurte på om det hadde vore nokon og jobba med den i løpet av natta, for den var veldig varm og så låg det mykje rart på den. Blant anna hadde den prøvd å printe ut!!  Ja ja, så lenge alt er i orden så får det vere det same kven som har ordna opp.....

God helg til deg !

Helsing Alva



5 kommentarer:

  1. Nydelig grønnfarge og fint i ditt kjøkken:) Liker aller best de svenske koppene, mønster og farger er helt vidunderlig:)

    klem fra Trine:)

    SvarSlett
  2. Vakre bilde :-) Loppis i Sverige er tingen, der fins mye fint

    SvarSlett
  3. Hei Alva
    Fantastiske Figgjo-asjetter! Den serien der er så fin og finnes jo i ulike farger og den fargen du fant er den vakreste av dem synes jeg. Håper du finner koppene, men det passet da fint med de du har dekket på med også synes jeg.
    Mange andre vakre ting i samme fargenyanse du har også!
    God natt og finfin morgendag til deg!
    Klem fra Kaspara

    SvarSlett
  4. Så nydelge Stilleben, med trendy fagar nytt og gammalt. Blir så glad når eg les bloggen din kjære syster

    SvarSlett
  5. Britt Karin Bjørke21. juni 2012 kl. 01:24

    Ikkje meininga å vere annonym;)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no