tirsdag 3. juli 2012

NYTT LYSEGRØNT BRUKTFUNN


Det ser ut til at eg har hellet med meg på bruktbutikken for tida. Skulle innom for å finne ei hylle til å ha i Postkjellaren (og jammen fann eg ei, og det til ein brukbar pris også!) Måtte sjølvsagt opp i andre etasje og kike når eg først var der. Og der sto dei og venta på meg........


Dei yndigaste små kaffikoppar frå Figgjo i den nydelege, sarte lysegrøne fargen som eg likar så godt.
Desverre var der ikkje asjettar til,veit ikkje om det finst heller. Nokon som veit? Og kva dei heiter?? Skulle gjerne likt og vite.  6 koppar med tefat var der og for ein gongs skuld til ein grei pris.



 Heldigvis kan eg bruke dei i lag med desse asjettane som eg skreiv om her . Dei er litt grønare i fargen men det synest eg ikkje gjer noko.


Den lysegrøne duken er også bruktfunn og matcher koppane perfekt. Trur den er gammal,kanskje frå 50-talet? Peonane fekk eg av min snille kollega Monika til bursdagen i forrige veke. To har blomstra av men desse tre står like fint. Takk Monika, eg veit du les i bloggen min av og til.

Her skin endeleg sola igjen og varmen har komt tilbake. Då passa det godt med ein fridag. Kva eg har brukt den til utanom å dra på bruktbutikken skal eg skrive om ein anna dag.

Klem frå Alva





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no