lørdag 27. oktober 2012

TOVA TØFLER


Det er ikkje mykje eg strikkar. Ikkje fordi eg ikkje kan det eller ikkje likar det, men fordi armane mine ikkje likar det. Så skal eg strikke noko må det vere små prosjekt og så må eg gjerne bruke litt tid på det. Noko eg MÅ strikke av og til er tøfler som eg tovar.
Eg har heile mitt liv vore plaga med kalde føter og har hatt problem med å finne noko som kan varme desse istappane mine. Men endeleg har eg funne løysinga på problemet : tova tøfler! Superenkle å strikke og suuupervarme og gode!


Når eg set på syrommet og syr vert eg fort kald på beina. Men etter at eg byrja med desse tøflene har eg ikkje frose på føtene ein einaste gong! Minuset er at dei er som ein støvsugar på trådrestar  - så eg må plukke dei reine før eg forlet rommet eller så finn eg trådendar over alt i huset........(Nokon som kjenner seg att?)



Til størrelse 38-39 legg eg opp 54 m.på pinnar nr.6 og strikkar rillestrikk til det måler 18 cm. Feller så av 4m. i kvar side og strikkar 17 cm. til. Så byrjar fellinga: strikkar 2m. vanleg og to sammen ut pinnen og så to omgongar vanleg. Så 2 m. vanleg og 2 sammen igjen og 2 omgongar vanleg. Strikkar så 2m. sammen pinnen ut og trekker tråden gjennom.


Så er det berre å sy sammen i buen og bak. Hivast i vaskemaskina på 60gr. i lag med ei dongeribukse og ein dæsj grønsåpe. Bruk eit vanleg vaskeprogram, ikkje ullprogram eller finvask.



 Her er garnet eg brukte, pt3 frå Sandnes. Det gjekk med tre nøster.



Når dei er ferdig tova strekker og formar eg dei til dei er passelege. Mine vart litt store så dei fekk ein omgong til i vaskemaskina, då på 40gr.  La dei gjerne vere litt små, for dei går litt utover når dei vert tekne i bruk.



******************************

 
                                       
Sidan det har vore så stor interesse for dette innlegget så legg eg ut oppskrift på fleire størrelsar også. Det er tydelig at det er mange som ynskjer å strikke og tove tøfler:) Veldig kjekt!!

Str. 36-37: legg opp 52m. strikk 17.5 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 15,5 cm. fell som før beskreve
Str.34-35: legg opp 50m. strikk 17cm - fell 4m.i kvar side, strikk 13.5cm. fell av som før


OPPDATERING:

No har eg fått tak i oppskrift på fleire størrelsar så her kjem dei:

Str.32-33: legg opp 47m, strikk 16,5cm. - fell 4m. i kvar side, strikk 12,5 cm. fell som før.
Str.30-31: legg opp 46m. strikk 15 cm. - fell 4m. i kvar side, strikk 11,5 cm. fell som før.
Str.28-29: legg opp 45m. strikk 14 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 10 cm. fell som før.
Str.26-27: legg opp 43m. strikk 13 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 9,5 cm, fell som før.
Str.24-25: legg opp 42m. strikk 12,5 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 9 cm, fell som før
Str.22-23: legg opp 40m. strikk 11 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 7 cm, fell som før.
Str.18-20(baby) legg opp 38m. strikk 10 cm.- fell 4m. i kvar side, strikk 6 cm.fell som før.


***********************


Fekk oppmoding om å legg ut oppskrift på større størrelsar også så då gjer eg det:

Str.40-42: legg opp 56m, strikk 18,5cm. - fell 4m. i kvar side, strikk20 cm. fell som før.
Str.43-44: legg opp 58m,strikk 19cm - fell 4m. i kvar side, strikk 22 cm. fell som beskreve lenger oppe.
Str.45-46: legg opp 62m. strikk 20cm.- fell 4m. i kvar side, strikk 24cm og fell som til dei andre str.

Har tidlegare fått spørsmål om garnmengde. Eg har strikka kun str. 38-39 og 43-44.
Til damestr. brukar ein ca. 3 nøster og til herrestr. 4. Andre størrelsane veit eg desverre ikkje.


Helsing Alva.


PS. Får veldig mange spørsmål knytta til desse tøflene. Veldig hyggelig at så mange finn vegen innom bloggen min og til denne oppskrifta. MEN : eg er ingen ekspert på toving eller strikking for den saks skuld.... og dette er ein syblogg.  Eg har svart på spørsmål etter beste evne og etter egen erfaring, men er som sagt ingen ekspert.  Når det gjeld korleis ein går fram med tovinga står det forklart, elles er det berre å prøve seg fram. Les gjerne gjennom kommentarane, kanskje står det svar på akkurat det du lurer på der.  Her er oppskrift på alle størrelsar, men dei står litt her og der ettersom eg har oppdatert med nye størrelsar etter ynskje frå dykk!

Lukke til alle saman!
Dette er så enkelt at ALLE greier det:)


Om det likevel er noko du lurer på og ikkje får til å kommentere her
kan du sende ein mail til postkjellaren@hotmail.no eller sende ei melding på facebooksida til Postkjellaren:  https://www.facebook.com/Postkjellaren?ref=hl.
og så svarar eg etter beste evne.


87 kommentarer:

  1. Ja, slike tøfler er Må ha produkt. Er brukandes til det meste. Eg må ha dei på meg når eg legg meg også visst eg er kald på føtene. Det gjer susen.
    Ser at det var på tide du fekk strikka deg eit par nye, ja :D
    Det der med idear, for mange på ein gong. Har same plaga sjølv. Går vekk så mykje tid i grubling om kva for ein ting som skal startast på først :D
    Guri for eit luksusproblem vi har :)) Tenk om hovudet hadde vore tomt.....då hadde vi berre vorte ståandes å måpe :))
    Ha fortsatt ei trivelig helg med dine kreative sprell.
    Eg skal visst ut å gå ein tur ( i dritværet).

    SvarSlett
    Svar
    1. Ha ha, ja det er godt hovudet ikkje er tomt! DET hadde vore kjedelig det:D. Og måping er ikkje pent;)
      Javisst er det luksusproblem! Vi er jammen heldige som får vere så kreative!!!!

      Slett
  2. Lite tips, sy skinnsåler på dei, så slepper du hål på dei :) kanskje det hjelper mot at sytrådane fester seg og :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ingunn!
      Ja eg har faktiskt tenkt på det men veit ikkje kvar eg skal få tak i sålar. Nokon som veit? Går vel an å lage dei sjølv og kanskje visst ein har skinn...

      Slett
  3. Tova tøflar er tingen om vinteren, ja:)

    SvarSlett
  4. Hei :)

    ang. skinnsåler, så veit eg folk som har brukt gammle jakker og vesker (midt i blinken for deg) :)

    evnt kjøpe ferdig på butikken :) Lykke til :)

    http://www.ull.no/boker/saler-soles/skinnsaler

    SvarSlett
    Svar
    1. Så lurt,Ingunn:) Tusen takk for tips!

      Slett
    2. oj..slike har jeg hatt så lyst på!
      og dette var jo en såpass oversiktlig og enkel oppskrift at selv jeg kan klare det!
      takk for ideen!

      Slett
  5. Nei no vart eg rett ispirert - har liggande PT3 etter tova nisse prosjekt og jammen trur eg det er nok til eit tova tøfflepar. Berre å hive seg i gang - og du verda kor mykje fint du lagar - blir heilt imponert. Skal til Ørsta til jul -men reiser vel ikkje oppover før 23. så då rekk eg vel ikkje julebutikken dokkars. Kvar skal den vere forresten? Takk for fin kommentar hos meg og så sender eg mange gode kraftfulle klemmar til deg og dine :)jannetove

    SvarSlett
  6. Kjempefine tova tøfler! Dette var en god ide til hyttetøfler her hos oss. Takk for ideen. God advent til deg!

    SvarSlett
  7. Fine tøfler, fikk lyst å strikke midt i julestria. De så enkel ut at selv æ kan få d til. Fortsatt go advent.Hilsen Ann- Lisbeth

    SvarSlett
  8. Hei:-)Kjempefine tøfler,takk for at du deler.:-)
    Hvor mange nøster pt 3 bruker du til dei forskjellige str?

    SvarSlett
  9. Denne oppskriften kunne jeg virkelig like:) Motiverende for en nybegyner som meg:) En ting jeg lurer på er om du bruker samme størrelse på pinnene uansett størrelse på tøffelen...?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Linda!
      Så kjekt at du likar oppskrifa på tovatøfler. Den er veldig enkel ja.
      No har eg strikka berre dame og herrestørrelse så eg kan ikkje svare eksakt på spørsmålet ditt. Ikkje er eg nokon storstrikkar heller - så det er sikkert andre som kan gi deg eit bedre svar enn eg kan. Men eg vil tru at pinnetjukkelsen avhenger av kva slags tråd du brukar.
      Til minste størrelsane hadde eg nok villa brukt litt tynnare tråd og litt tynnare pinnar og kanskje ikkje tova så hardt. Men som sagt, eg er ingen strikke/toveekspert. Kanskje du kan prøve deg litt fram.
      Lykke til iallefall:))
      Helsing Alva

      Slett
    2. Takk :)Prøver dine råd jeg :)

      Slett
    3. søstrene Grene selger skinnsåler ..de kan man klippe til i passende størrelse

      Slett
    4. Takk for tips ang.skinnsålar. Men vi har desverre ingen slik butikk her i distriktet.
      Trur kanskje den næraste er i Bergen eller Trondheim. Skal huske på det neste gong eg er i Trondheim:)

      Slett
    5. Hei. Hvilke andre typer garn kan en bruke og hvilke str på pinnene? Str 6? ��

      Slett
  10. Hei hei :)

    Så flink du er! Jeg har mistet (eller finner ikke mi oppskrift) på lignende tøfler. Utrolig gode og varme. Kan du lage oppskrifter på større størrelser og? Jeg er ikke så stødig på å øke sånne oppskrifter selv... Sjekk ut bloggen min: http://kvitvikhjornet.blogspot.no/ og nettbutikken min: http://epla.no/shops/kvitvikhjornet/

    Hilsen Silje :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Silje:)
      Kjekt at du fann vegen innom meg og fann oppskrifta på tovatøfler;) Ja dei er skikkelig gode og varme:)
      No har eg oppdatert innlegget med herrestørrelsar også så då skulle det meste vere dekt:)

      Helsing Alva

      Slett
  11. Kjempe flott oppskrift, har aldri strikka tøffler...men nå er jeg i gang med det andre paret!! Selv nybegynner kan!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt å høyre, Kjersti! Det er utruleg mange som har funne vegen innom hit og har prøvd oppskrifta. Og det er sååå kjekt å få tilbakemeldingar på tøflene:)) Eg har slete ut endå eit par sidan eg laga innlegget. Og denne gongen måtte eg få dotter mi til å strikke nye til meg sidan hendene mine har streika. Ho er også ein nybegynnar men greidde det så lett som berre det:)

      Helsing Alva

      Slett
  12. Så supert med denne greie oppskrifta :) En kan selvsagt prøve seg frem, men nå slipper jeg jo "å feile" for å finne riktig størrelse:) Tusen takk :) Har akkurat stoppet et par tøvete tøfler jeg har fått i gave. Bruker litt syntetisk når jeg stopper, sammen med ull, så får jeg sterkere såle, også :)

    SvarSlett
  13. Takk for at du deler oppskrifter!
    Da har jeg strikket ferdig et par i str. 26-27, og det gikk med nesten to nøster. De så jo veldig store ut, så er spent på hvordan de blir, de er i vaskemaskinen nå. Og nå er jeg i gang med et par i str. 20!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Christine:)
      Kjekt å høyre at du har prøvd oppskrifta og er i gong med eit par til:)
      Dei ser litt store ut før dei er tova, men kanskje du strikkar litt laust?
      I så fall kan du kanskje strikke ein størrelse mindre:)
      Er dei framleis litt store etter toving tek du berre ein omgong til i vaskemaskina!
      Lukke til!
      Helsing Alva

      Slett
  14. hei!! flotte tøfler, har strikket ett par nå! Har du oppskrift på størrelse 35?? Har en jeg kunne tenke meg å strikke til!!

    SvarSlett
    Svar
    1. beklager, så den nå!!! :)

      Slett
  15. Tusen takk..endelig noe som jeg å kan lage <3

    SvarSlett
  16. brukte du kantmasker?

    SvarSlett
    Svar
    1. Veit ikkje heilt kva du meiner med det, men eg gjorde kun slik som står beskreve i oppskrifta:) Beklagar at eg ikkje kan svare,men eg er som sagt ikkje nokon strikkeekspert, har berre delt ei enkel oppskrift:))

      Slett
  17. Etter felling på tå, er d to pinner med vanlig strikk eller 2 omg (4 pinner)?!?! Vart litt usikker her ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ingen som kan hjelpe meg, står 2 omg etter fellinga på tå. Betyr d 2 pinner eller 4 pinner?????

      Slett
    2. Hei, no har eg sjekka mønsteret, der står det:
      2 vanlege omgongar, går ut ifrå at det betyr 2 pinnar. Så strikkar du to og to maskar sammen før du trekker tråden igjennom.

      Slett
    3. Takker. Då får eg rekke opp litt før eg tover dei. Tenkte 2 omg kanskje var 4 pinner ;)

      Slett
  18. Ferdig med et par tøfler, begynner med et par til. Veldig lett å strikke. "Vasket" flere ganger men nu vet jeg hvordan jeg skal gjør det. Skal ha tøflene på hytta.

    SvarSlett
  19. Håller på med ett par nå:) Tusen takk for at du har delt denne fine enkle oppskriften!! :))
    Blir nok noen julegaver av dette! Men først ett par å varme meg på når resten blir strikket:)
    Mariann:)

    SvarSlett
  20. Tusen takk for oppskrift, de var kule :-)

    SvarSlett
  21. Takk til alle som har lagt igjen hyggelig helsing her! Veldig kjekt at så mange har prøvd seg på oppskrifta og likar den!
    Dei supre til både store og små og ikkje minst kjekke som julegåver!

    SvarSlett
  22. Hei!
    Dette er først egang jeg skal strikke tøfler, og så hvor fine dine var blitt, så tenkt eå lage noen like. men jeg kjønte ikke dette helt:"strikkar 2m. vanleg og to sammen ut pinnen og så to omgongar vanleg." etter jeg har strikket 2 vanlige og skal strikke 2 sammen, skal jeg strikke 2 sammen 2 ganger eller 1 gang? hadde vært veldig takknemlig for svar kjapt :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei!
      Skal prøve å forklare:
      Du skal strikke 2 m. sammen 1 gong, så to masker rettstrikk og så 2 sammen igjen og fortsetter slik ut pinnen. Deretter strikkar du to pinnar rettstrikk(slik at det blir riller) før du feller på samme måte igjen. På siste pinnen feller du sammen 2 og 2 før du trekker tråden igjennom.
      Håper dette vart forståelig:) Lykke til!

      Slett
    2. Tusen takk for svar! Dette kommer til å hjelpe veldig :)

      Slett
  23. herlige de så ut da..må prøve meg,jeg og :)

    SvarSlett
  24. Har vist brukt feil garn så får ikke tova dem....noen tips?

    SvarSlett
    Svar
    1. Her har eg brukt PT3 frå Sandne, den fungerer supert! Sikkert andre garn som går an også, det som er viktig er at det er rein ull. Prøvde sjølv med ullgarn frå Europris, det funka IKKJE! Tøflene vart steinharde! Så det er ikkje all ulltråd som går an å bruke til toving.

      Slett
  25. Hvilket program tover du de på i maskina?og hvor mye sentrisentrifugering?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg brukar eit vanleg vaskeprogram på 60 grader. Vaskemaskinene er så forskjellige - trur ikkje det er så nøye kva du brukar, men det må vere eit program med "litt fart i", ikkje finvask eller ullprogram. Poenget er dei skal få litt "juling":)
      Til det programmet eg brukar er sentrifuga på 1400. Lukke til :)

      Slett
  26. Hei! Jeg har nå strikket et pra tøfler, og er kjempe fornøyd med resultatet! - hardog ikke tovet de enda.. :p MEN, jeg lurte på en ting, jeg skal strikke til strl 36, hvor mange masker skal jeg legge opp? Jeg er langt fra stødig på å beregne masker etc. Håper på svar som kan hjelpe meg i julestria! Eller skal jeg bare strikke etter str 38 og så tove det to ganger? :)
    Klem fra Lene! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Det står oppskrift på str. 36/37 i innlegget, du legg opp 52 masker:)

      Slett
  27. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  28. 19 cm = 28 riller :)
    Mye lettere og teller riller ;)
    Kanskje du skal skrive det lengre oppe? :)
    Ellers må eg bare få lov og takke for en utrolig bra oppskrift !!
    Holder på med mitt 3 par i str 43-44 no på bare noen få uker.
    Utrolig artig og lett måte og ikke minst utrolig fine når de er ferdig!
    Så må bare få lov og si tusen takk for at du la det ut ! :)
    Klem Julie 21 år

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Julie! Takk for hyggeleg tilbakemelding:) Kjekt at du likar oppskrifta!
      Enig i at det er enklare med riller, men sidan ikkje alle strikkar likt trur eg det er best å operere med cm. og så får heller kvar enkelt notere seg kor mange riller dei har strikka:)

      Slett
  29. Kjempefin blogg du har og denne oppskriften på tova tøfler har jeg akkurat testet!
    Takk for en superenkel oppskrift!

    Ønsker deg en fin fredag
    Klem fra Elisabeth

    SvarSlett
  30. Ps brukte Arctic ullgarn fra Europris, funka fint det ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Elisabeth!
      Takk for koselig helsing!
      Flott at det garnet funka, trur det heitte Iglo det eg brukte som vart steinhardt etter toving:)

      Slett
  31. Tusen takk for at du deler oppskrift. Håper det er Ok at jeg har linket til bloggen din og dette innlegget på min Facebookside: https://www.facebook.com/groups/236520023143820/

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er heilt i orden, Ina :) Berre hyggelig det;)

      Slett
  32. Hei :)

    Veldig flotte tøfler! Jeg vil strikke ett par på str 45-46. Vil det si at jeg må legge opp ca. 60 masker og strikke først 30, 5 cm også ca. 29,5 cm etter at jeg har felle av 4 masker på hver side?

    Mvh
    Jenta på 22 år

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Kon! Ja det skulle nok stemme det:) Blir dei for store tek du ein omgong til i vaskemaskina, blir dei litt små strekker du dei litt. Dei vil uansett gå litt utover i bruk. Lykke til!

      Slett
  33. Har nå strikket min første tøffel takket være din oppskrift! Brukte to dager på den, og kunne ikke legge opp eller felle masker før jeg begynte, men tøffelen ble faktisk kjempefin! Etter to runder i vaskemaskin ble størrelsen akkurat passe. Så nå gjenstår bare å gjøre ferdig den andre tøffelen. Tusen takk for oppskriften!

    Hilsen Ingrid :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ingrid!
      Takk for hyggelig tilbakemelding, så flott at du fekk det til sjølv om du er nybegynnar:) Ja det er veldig enkelt dette, absolutt alle kan klare det om ein vil;) Lykke til med neste tøffel:)

      Slett
  34. Dette vil eg prøve, Ser enkle og lette ut. Ofte så veldig masse forklaring , men dette ser bra ut.

    SvarSlett
  35. Hei, jeg lurte på hvor mange masker du bruker på st. 38-39? :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Helene! Det står i innlegget om du les alt:) Til str. 38-39 legg eg opp 54 masker.

      Slett
  36. Kjempefine til både kvinner og menn. Gleder meg til å prøve :) Takk for oppskrift :) Grete

    SvarSlett
  37. Strikker og strikker dette blir bra, takker oppskrift ����

    SvarSlett
  38. Hei kan npn hjælp mæ m å finn ut kor mange masker å cm æ træng t str 47? Strikket til min frøken og meg selv og nå e d mannen igjæn

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anita! No har eg oppdatert oppskrifta med str. 45-46 så til str. 47 hadde eg nok prøvd meg med å legge opp 64 masker. Har ikkje mannfolk i hus med så store bein så eg veit faktisk ikkje kor stort det egentlig er :)
      Tøflene kan strekkast etter toving og dei går også litt utover etter at dei er tatt i bruk. Trur du kan greie å regulere dei slik at dei passar. Er dei for store så tovar du på nytt:)
      Lykke til!
      Mvh. Alva.

      Slett
    2. Tusen takk :-) snart færdi m nr 2 å e wn hel genser for mæ :-D komisk ;-)

      Slett
  39. Hei,
    Tusen takk for oppskrift.
    Syr dere de sammen på symaskin?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Linda!
      Nei du må sy sammen for hand. På symaskin vil det bli litt for klumpete trur eg. Du legg berre kantane inntil kvarandre og syr sammen kant i kant litt laust :) Lykke til!

      Slett
  40. Disse tovede tøflene blir kjempefine og gode, stikket de som julegave til alle i familien i fjor, har ikke fått noen klager enda �� veldig lett å lage også, selv for meg som aldri klarer å følge oppskrifter. Tusen takk for oppskriften ��

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Anine Madeleine! Så hyggelig å høyre at du er fornøgd med tøfleoppskrifta:) Takk for kjekk tilbakemelding!
      Ja dei er veldig enkle å lage, dette kan alle klare. Lykke til vidare!

      Slett
  41. Kjempeflott oppskrift, driver å strikker den første tøffelen nå. Men lurer på om du strikker på 2 eller 4 pinner? Eller på rundpinner?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Cathrine:)
      Så hyggelig du er fornøgd med oppskrifta! Du strikker fram og tilbake på ein rundpinne eller lange pinnar.
      Lykke til!

      Slett
  42. endeleg ein blogg på nynorsk. <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Så hyggelig å høyre:) For meg er det ikkje noko anna alternativ - å skrive på bokmål hadde vorte kunstig og unaturleg. Så får heller dei som ikkje klarar å lese nynorsk finne seg noko anna å lese på ;)

      Slett
  43. Hei fra Texas. Jeg fant denne bloggen din nettop. Var i Norge i høst og ble hektet på toving. Et lite spårsmål er hvorfor du trekker tråden gjennom til slutt, og ikke feller direkte av.

    Takk for mønster - tøflene ser helt deilig ut. Jeg og lider av kalde føtter!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Wefi. Ved å trekke tråden gjennom får du ei fin og avrunda form fremst på tøfla. Du strammar tråden når du har trekt tråden gjennom slik som ein også gjer når ei strikkar sokkar for å få ei rund avslutning. Håper du skjønte dette:)
      Lykke til!

      Slett
  44. Heisan :) Kom over de fine tøflene du har laget og nå har jeg printa ut oppskriften, så har jeg til både store og små :))
    Mye fint du lager :)) Har alltid hatt lyst til å lære å sy... men men... får holde meg til strikkingen :)
    godt nytt år... klem fra Birgit

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Birgit:)
      Tusen takk for hyggelig tilbakemelding! Kjekt du liker tøflene, dei er heilt supre til kalde føtter. Aldri for seint til å lære seg å sy:) Er ikkje så vanskelig det, mange enkle ting du kan lage;) Godt nytt år!

      Slett
  45. Disse e kjempevarme å deilig å ha på fotan uten sokka inni 😊

    SvarSlett
  46. Jeg klarte å sy sammen den første sokken helt feil,haha. Godt oppskrifta ligger inne å iPaden min.
    Ser ut som dette blir veldig bra. Takk for oppskriften!

    SvarSlett
  47. Hei! Tusen takk for fantastisk tøffeloppskrift! Den var jo så enkel og så morsom! Har laget flere par til familiemedlemmer. Jeg la også ut et par på Insta - men henvisning og takk til deg! Er det din oppskrift? Igjen- tusen takk for at du delte! Ha en fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Takk for hyggelig tilbakemelding:) Så kjekt at du likar oppskrifta og så fint at du henviste til meg på instagram! Det er ikkje eg som har laga oppskrifta på desse tøflene. Eg fekk den på ein strikkekafe for mange år sidan og kjenner desverre ikkje til opphavet.
      Ha ein fin dag du også:)

      Slett
  48. Hei jeg lurer på om noen vet hvor man får kjøpt antiski?

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no