onsdag 31. desember 2014

Godt nytt år til alle!


Eit kjapt innlegg heilt på tampen av 2014
for å ønske alle mine kjekke lesarar eit godt nytt år!

 Her er rosa som eg viste i eit tidlegare innlegg.
Dette bilde er teke etter at frosten kom og sukra rosa så vakkert.



 Resten av bilda er teke 2.juledag
då eg måtte ut og lufte kroppen etter alt for mykje god mat.
Det var skikkelig julekortstemning ute
og rein nytelse å gå tur.



 Naturen låg urøyvd og rein etter det nylege snøfallet
og ingen hadde gått før meg på fleire av 
vegane eg vandra på.



Frostrøyken låg over vatnet og skapte ei trolsk stemning. 
Slike opplevingar gjer godt for både kropp og sjel
og ved å ha med kamera får eg nyte
opplevingane mange gonger.


Ønsker at alle får mange fine opplevingar i 2015!
Husk å ta vare på kvarandre.

Klem frå Alva.




lørdag 27. desember 2014

Søt barnekjole og forklekjole.


Då er julafta over og julegåvene
eg laga og gav vekk kan visast her på bloggen :)
 Denne kjolen er sydd etter mønster frå Alt om håndarbeide.
Morsom å sy men kanskje litt mykje pirk etter min smak.
Kjolen er laga av eit gammalt men ubrukt putetrekk i bomull.
Det ruta stoffet er frå ei kjøkengardin og
stoffet på lommene er av nyare dato.



 Detalj frå halsen.
Ufordringa her var det skjulte glidelåset.
Det er neimen ikkje så enkelt å få fint til. Hemmeligheita er å 
klare å sy nært nok inn til tennene uten å ha spesialfot til det formål.
Det har ikkje eg men brukte den heilt vanlige syfoten og det gjekk bedre enn å bruke glidelåsfoten.
Willy som var med i "Det store symesterskapet" har laga ein veldig grei 
DIY på bloggen sin. Den finn du her om du vil sjå
og lære.



 Ikkje heilt perfekt, men nesten :)



 Forklekjolen er laga av ei morsom gardin.
Denne laga eg til ein liten gut....ja du las rett! Tenkte den kunne vere
grei å bruke som bakeforkle eller til maling o.l.
Synest det passa så fint med traktor sidan
han bur på ein gard med utsikt til 
onkelens traktor:)


Har følgt med på "Det store symesterskapet" i haust
og funne ut at det kunne eg aldri ha vore med på! Det virkar sååå stressande
å skulle sy i kamp mot klokka på den måten! Eg hadde nok ikkje 
vorte ferdig med eit einaste plagg....eg er nok alt for nøyen!
Trur ikkje eg hadde takla stresset heller.

Synest dei var veldig modige og flinke
dei som deltok, særlig Solveig, Kristin og så Anne  
som vann tilslutt.

Ønsker deg fine romjulsdagar vidare.

Klem frå Alva.

tirsdag 23. desember 2014

Enkel julepynt

Gamle kjøkengjenstandar
egnar seg ypperlig til å pynte med.
Med enkle grep kan det verte den flottaste dekorasjon du kan få.
Nokre greiner med grønt og litt band eller hyssing 
er alt som skal til.
 Denne kjempesøte vesle kaffekjelen
fann eg til ein latterleg lav pris på bruktbutikken.
Den var prisa til 15kr og i tillegg var det halv pris på alle varer.
Eg insisterte på og betale 10kr men det var det berre så vidt eg fekk lov til!
Denne står til pynt på kjøkenbenken.



 Ei gammeldags dynkeflaske, sjarmerande skeiv
men akk så vakker! Ei slik kan eg huske frå min barndom. Denne er eit bruktfunn.
Med litt grønt og eit sløyfeband er den pynta 
og klar for jul.



 Vassausa eller koksa som mannen seier 
er arv frå hans barndomsheim. Denne har han mange minner frå.
Dei brukte å drikke vatn av den når dei kom inn og var tørste.
Tesilen bak er bruktfunn.



 Ausa og holsleiva er også arv.
Den vesle desiliterkoppen er bruktfunn.



Slik ser heile hylla ut.
Vart litt fullt der i år men ville så gjerne ha med alle desse tinga:)
Har funne meg ei ny gammal hylle som er litt større så den skal få kome opp på nyåret.
Må berre bestemme meg om eg skal male den eller ikkje.
Trur det blir ikkje:)




Tilslutt må eg berre vise denne vakre rosa
som står ute i snøen og blømer så fint! Heilt utruleg!


Ønsker alle ei fin jul
og alt godt for det nye året!

Helsing frå Alva.

mandag 15. desember 2014

Skjønne Elise i 60-tals kjole


Dette herlege sjarmtrollet 
har eg hatt besøk av i dag i lag med mammaen sin.
Kjolesettet ho har på seg sydde eg for ei tid tilbake.
Det er sydd av eit mønster frå tidleg 60-tal. Eg var veldig usikker på korleis
mønsteret passar til dagens standard så den har berre hengt her i påvente av ein høveleg modell.
Og i dag kom ein akkurat passe modell! Og skjønnare fotomodell skal ein leite lenge etter!
Settet sat som eit skot og det enda med at Elise drog herifrå med settet i bagasjen!


Teppet ho ligg på er gåve frå meg.
Det vart veldig godt motteke av både mor og dotter.
Sidan denne mora betyr mykje for meg har eg lagt mi sjel i dette teppet.
Eg har brukt mange av dei finaste stoffskattane mine her.


Teppet er fora med mjuk og deilig fleece
og som bakstykke har eg brukt eit tjukt og godt flanellslaken frå 70-talet.
Det er handquilta på skrå gjennom annankvar rute.



Kysa til kjolesettet er heilt nydelig
og vesle Elise kledde den veldig godt!
Snorene var litt lange så dei kutta eg ein del av.


Slik ser settet ut i blitslys.
Likar ikkje å bruke det men dagslyset er så dårleg no og bilda blir lett kornete uten.
Settet er sydd av eit dynetrekk som var rosa på eine sida og kvit på den 
slik som på kantinga rundt hals og erme,
Blonda var også på.


Og her er mønsteret eg sydde etter.
Størrelsen er 1år men den passa godt til Elise som er knappe halvåret.

Takk for eit koselig besøk i dag,
Elise og mamma :)

Klem frå Alva.

tirsdag 9. desember 2014

Julepynta inngongsparti


Eg synest det er så koselig med eit 
fint og innbydande inngongsparti. Likar at gjestane føler seg
velkomne når dei kjem til døra vår. Og så likar eg veldig godt å pynte og 
ordne til også:) Kan vel av og til bli litt mykje av det gode...
.......men men.... la gå.......
 Eg likar best å bruke naturmateriale og ting eg allereie har i hus.
Det einaste eg kjøpte var eit par planter. Julerosa synest eg passa så godt i mjelkespannet.
Var ein tur i skogen og plukka grønn flatmose. Den synest eg er så fin til å dekorere med.
Det vart mørke og kornete bilde men mørkret seig på før eg vart ferdig.



 Det store mjelkespannet er arv frå garden mannen kjem frå.
Det vesle vart kjøpt på loppis i Sverige i sommar i lag med eit mindre. 45kr. kosta denne.



 I kaffekjelen skal det kome ein svibel som står på kjøkenet no.
Den er i ferd med å sprette ut og då lyt den ut av hus visst ikkje eg skal dåne.


Desse lyktene synest eg er så koselige.
Kjøpt på halv pris i sommar. Ikkje så ofte eg kjøper noko til meg sjølv
men desse kunne eg ikkje stå i mot :)

Bilda er frå forrige helg då veret var fint.
No regnar og ular det rundt husnova og snøven som kom i natt får julig så det monnar.
I går var det lyn og torever og laurdagskvelden forsvann straumen i to timar.
 Då var det godt å fyre i omnen og tenne masse stearinlys.


Det har vorte litt sying siste tida men sidan 
alt eg har laga skal gjevast vekk kan eg ikkje vise det fram endå.


Håper du kosar deg med juleførebuingane.

Klem frå Alva.

søndag 30. november 2014

Vert ikkje søtare enn dette....


Av og til dukkar det opp stoff som eg berre må ha....
nesten koste kva det koste vil... Slik var det med dette megasøte stoffet her!
 Trur det må vere det søtaste stoff eg nokon gong har sett!
Heldigvis trakk eg det lengste strået i budrunda utan å verte heilt flådd.
Trøsta meg med at det veg opp at eg har funne andre godbitar 
til gje-vekk prisar ....ligg litt lenger nede på 
sida her.



 Det er ei gardinlengd - og no undrar eg meg
på kvar den andre kan vere. Reknar med det har vore to.
Skulle gjerne hatt den også eg....hi hi! Kvaliteten er super, heil og fin....
finst ikkje falma eller slitt.



Dette liknar mistenkjeleg på Colargol synest eg.
Det er også gardiner - og her har eg begge. Funne på ein bruktbutikk.....
 betalte 30 kr for begge! Det klagar eg ikkje på :)



 Litt meir slitt og falma enn forrige
men fullt brukbar likevel. Herlege 70-tals fargar!



 Og her er Aristokattene - også ei gardinlengd.
Denne har ein litt stiv og tung kvalitet så litt meir begrensa kva den kan brukast til.



 Kanskje det blir barnevesker og puter av det.
Motiva er i allefall flotte og fargerike.



 Herlege Noddy er vel ikkje fullt så gammal som resten
men eg likar veldig godt desse figurane.



 Supersøtt!



Tilslutt eit skikkelig dånestoff!
 Dette fann eg også på ein bruktbutikk til 30 kr!
Det er sjeldan kost å finne slike dynetrekk på bruktbutikkar for tida
så denne gongen hadde eg verkeleg flaks!



Som eg skreiv i forrige innlegg så berre diggar 
eg denne fargekombinasjonen! Og her er raudt i tillegg
så det gjer det ekstra spenstig.


Dette er nokre av haustens stoff funn.
Kjekt å finne litt ny inspirasjon! 
Ingenting er meir inspirerande enn stoff frå
60-70 talet.

Er så totalt uenig med ei som uttalte seg i ei 
salgsannonse på eit retrostoff at tekstilar frå denne tida er og blir grusomme!
Då kunne eg ikkje dy meg.....måtte inn 
med ein motkommentar :)

Godt vi er forskjellige!
Det er få ting som gjer meg gladare i allefall:)
(av matrielle ting vel å merke...)


fredag 21. november 2014

Veske i superkult stoff!



Eg er stadig på jakt etter stoff-godbitar.
Spesielle og unike stoff gjerne med sterke fargar og spennande mønster
er slikt eg elskar å finne. Det kan verte dei flottaste skuldervesker av slike stoff!
Gardiner og dukar frå 60-70 talet er godt egna til å sy vesker av
då dei oftast er både fargerike, har herlege mønster 
og er gjerne litt grove i kvaliteten.

 
Dette superkule stoffet fekk eg kjøpe på nettet av ei hyggelig dame:)
Var så ivrig etter å sy at eg gløymde å ta bilde av stoffet først.
Med orange glidelås og hjerte synest eg denne vart
både morsom og tøff.



 Rosa og orange er ein kombinasjon eg berre diggar!



For å utnytte stoffet mest mulig vart det
både sminkepung og myntpung. Har nokre bitar igjen så det 
blir nok eit par sminkepungar til.


Har lagt inn i nettbutikken resten av veskene
etter sesongen i Postkjellaren.
Dei finn du her


I mappa for jul har eg sett ned alt til halv pris.
Der er blant anna mange fine og nostalgiske julestrømper.
Du finn dei her.

Og eg sender gjerne om du ikkje
bur her i området.

Ønsker alle som tittar innom  ei fin helg!

Helsing Alva.


søndag 16. november 2014

Er her enno....


 Jada....eg er her enno
sjølv om det har vore stille på bloggen ei stund.

 Dagane har gått til å samle krefter
og mannen og eg prøver å bruke naturen så mykje som mulig.
Det blir ikkje dei lange og krevjande turane men gjerne turar i nærområdet 
.....slik som i dag.

 Vi tok turen over fjellet (med bil) mot Hjørundfjorden.
Naturen på Standalseidet er vill og vakker med kvasse fjelltindar på rekke og rad!
Er ikkje sikker på kva alle desse fjella heiter men eg trur  den høgste
toppen litt til høgre midt i bildet er Kolåstinden.



 Mektige og majestetiske fjell som gjer at ein
sjølv føler seg veldig liten.



Det var ei tynn ishinne på det vesle vatnet på Standalseidet.
I bakgrunnen ser ein delar av Hjørunfjordfjella.
Målet for dagens tur ligg i den retning.



 I fjøresteinane i stranda utanfor Standal
har vi funne ein fredelig plass. Sidan det var ein litt kjølig dag fyrte vi opp
eit lite bål. Det var stilt og vakkert der i sjøkanten
og kaffen og nista smakte fantastisk godt!



Få ting er så fredeleg som eit bål.....
Å sitje slik i sjøkanten med kaffekoppen mellom hendene
og nyte lukta frå det knitrande bålet og den fantastiske utsikta innover Hjørundfjorden
gav slik ei inderleg ro i sjela.



Vakre og ville Hjørundfjorden!
Langt og lengst der inne ligg Bjørke og Postkjellaren.....


Det går sakte men sikkert framover med forma.
Har prøvd meg på litt sying siste dagane og det gav meirsmak.
Aldri hyggelig når sylysta forsvinn men dess kjekkare når den dukkar opp igjen:)
Så snart vil eg vise litt av det eg har laga. Litt "nye" stoff
har også komt i hus.


Takk for gode helsingar i forrige innlegg.
Orda frå dykk varmar meg.


Og velkomne til nye følgarar!
Håper de vil trivast her inne hos meg:)


Gode klemmar frå Alva.


onsdag 15. oktober 2014

Når kroppen seier stopp....


Det vart visst ei lita pause frå bloggen dette.
Og det er ikkje heilt utan grunn....forma har nemlig ikkje vore heilt på topp.
Kroppen har rett og slett sagt stopp og eg har måtta ta ei pause frå det meste,
også frå bloggen.

 Naturen er ein fin plass å samle krefter.

Her frå gamle Strynefjellsvei ein litt hustrig dag.
Men haustfargane var likevel til å misse pusten av.




 Hausten har vist seg frå si beste side 
og mannen har drege meg med på mange flotte turar.
Med kaffe på termos, freistande niste i korga og kamera som følgesvenn har vi hatt mange fine
stunder enten i fjøresteinane, i skogen eller rett og slett
i bilen visst veret ikkje tillet anna.



 Å sitje heilt i sjøkanten og sjå og høyre bølgene 
som slår inn mot land er rett og slett balsam for kropp og sjel.
Desse bilda er frå Flø.



 Naturens palett er vakrast.




Så no går livet i sakte kino og symaskina
og det meste elles lyt vente.
(Det er ikkje eg som rir, det var ei som kom ridande forbi oss
på vår rusletur i skogen)


Eg stikk innom bloggen når eg føler for det.
Inntil då.....ha det fint! Husk å senke skuldrane
og ta vare på kvarandre!

Eg er så heldig at eg har ein som
tek godt vare på meg:)

Klem frå Alva.


onsdag 17. september 2014

Vellukka kulturminnedag og takk for i år.

Sist søndag markerte Postkjellaren Kulturminnedagane
med ei spesiell utstilling, blant anna symaskiner og gamalt handarbeid.
Det vart ein svært vellukka dag med mange besøkjande,
 både ynge og eldre kom for å sjå på utstillingane.

 Denne utruleg flotte symaskina var eg så heldig
å få låne frå nokon i bygda til utstillinga. Det er ei Grover&Baker symaskin frå rundt 1880.
Synest den er fantastisk flott og dekorativ!


 Her står den eldste og yngste maskina i utstillinga.
Desse maskine skil det nesten 130 år! Artig å sjå at prinsippet er det same.
Den nyaste er den maskina eg bruker til dagleg. Då eg kjøpte den for 6 år sidan dreiv
eg mykje med lappeteknikk difor kjøpte eg ei quiltemaskin. Den har mykje bra ekstrautsyr som er
kjekt å bruke sjølv om eg ikkje quiltar så mykje lenger.


 Og her er fruen i sitt rette element - blant gamle og nyare symaskiner iført 
svigermors handlaga kjole frå ca.1955. Var så heldig å finne eit bilde av henne med kjolen på som var datert til 1955. Svigermor er desverre ikkje blant oss lenger så eg synest det var ei ære
 å kunne bruke kjolen hennar i 2014. Måtte fikse litt på den men ikkje mykje. 
Kjenner ikkje til om ho laga den sjølv eller fekk den sydd.


Her er svigermor med kjolen på. I 1955 var ho 27 år.
 Svigermor var ei arbeidsom dame som aldri klaga på noko slag.
Ho hadde glimt i auge og latteren var aldri langt unna. Ho var utruleg gjestfri
og elska å få besøk.  Ingen fekk fare derifrå utan å få kaffi og kaker først!
Ho forlet oss så alt for fort og uventa.....



 Litt av handarbeida som var med i utstillinga.
Den flotte barnebunaden er frå 1920-åra og den arva mi mor frå ei tante som døde ung.
Dotter mi brukte den då ho var jente.



 Det gjekk unna med kaker.
Veret var fantastisk flott med sommarlege temperaturar
så gjestane kosa seg både vel og lenge ute på den fine terrassen vår.




Dette var eit hyggeleg og annaleis arrangement som absolutt gav meirsmak.
Årets tema som var "Ei reise i tid - 200 års samfunnsutvikling"
passar godt til Postkjellaren sidan post- og teleutstillinga
står der allereie.


Men no er sesongen definitivt over for i år
og det kjenner eg er godt. Same kor kjekt det er så vert sommaren
ganske hektisk for meg og mannen. Han er min trufaste hjelpar og støttespelar i tjukt og tynt
og utan hans hjelp hadde dette vore vanskeleg å gjennomføre.
Så ei stor takk til han som alltid stiller opp og er med
på ALLE mine sprø påfunn!

Takk også til mine gode foreldre som alltid er der
og bidreg med alt frå vasking til mat! Imponerande når ein tenkjer på
at begge er over 80 år! Glad i dokke:)

TAKK FOR I ÅR!