fredag 4. april 2014

Oppskrift på kvit pizza.


For eit og eit halvt år sidan la eg ut oppskrift på ein pizza som er veldig populær her i huset.
Mange prøvde oppskrifta og eg fekk fleire gode tilbakemeldingar på den.
Men så fekk eg problem med massevis av spam på akkurat det innlegget så difor valgte eg 
å slette det. No har eg stengt av for anonyme og problemet med uønska kommentarar er heilt borte. Så difor vil eg legge ut oppskrifta på nytt slik at fleire kan få glede av den.


 Pizzaen er veldig god, og utruleg enkel og rask å lage.
Her kan du bruke ferdigkjøpt botn om du vil eller lage den etter eiga oppskrift.
Eg har ei favorittoppskrift frå Italia som eg også vil dele. Den blir knasande sprø i kanten
og det likar eg best.

3 dl. vatn
500 g. kveitemjøl
1/2 pk. tørrgjær (eller fersk)
1 ts. salt
1/2 dl. olivenolje
Varm vatnet , brukar du tørrgjær må det vere meir enn fingervarmt.
Tilsett mjøl, salt og evt.tørrgjær og rør raskt saman. Ha i olivenoljen og kna deigen til den er glatt og smidig. Den blir litt fast og det skal den vere. Er den vanskelig å kna så ta litt olje på hendene.
Dekk med plast og la den heve ein time. Denne deiga er super å jobbe med, eg brukar berre å
dra og trykke den utover steikebrettet etter at den er ferdig heva. På denne brukar eg ikkje 
bakepapir, eg smører berre plata med olivenolje. Dette er ein litt stor porsjon så du kan enten lage ein stor pizza til heile brettet eller to mindre.

(til pizzaen på bilda her har eg brukt ferdig botn)


 Smør eit passe lag med creme fraiche ut over botnen og dryss over hakka rødløk etter
ønska mengde.



Ananas høyrer egentleg ikkje til i oppskrifta, men det har eg tilført. Synest det gir ein frisk smak.
Kvern over litt peppar.



Legg på ønska mengde chorizo-pølse eller spekeskinke (anbefaler zerrano). Begge deler er godt.
I det siste har eg også brukt soltørka tomat på, er ikkje
feil det heller:)



Dryss over eit godt lag med reven ost.
Steikast på 225-240gr. ca. 15 min.
(Brukar du mi oppskrift på botnen er det høgaste temperatur som gjeld.)



Viktig at den er litt godt steikt
Etter at den er ferdigsteikt dryssar du over rikelig med ruccola.



Så er det berre å ete og nyte - 
gjerne med eit glas god rødvin til.  Mmmmm..... !!!!

Bon Apetite!


PS!
Det ligg lenke til oppskrifta på høgre side av bloggen
slik at den skal vere enkel å leite opp.


7 kommentarer:

  1. Der ja !
    Eg har gjort klart innlegg om den nydelege pizzaen., no linkar eg den og publiserer.
    Her i huset/hytta er den favoritt :)
    Tusen takk Alva !

    SvarSlett
    Svar
    1. Heilt i orden, Anne-Mari:) Kjekt at fleire kan få sjanse til å prøve den. Den er favoritt her i huset også!
      Vert aldri lei av den heller. Varierer litt med type skinke så då blir det ikkje heilt likt kvar gong;)

      Slett
  2. Åh - kjenner det brummer i magen her jeg sitter. Skal ut med ei venninne og spise i kveld, og nå er jeg skrubbsulten :)
    Håper du får ei fin helg :)

    SvarSlett
  3. Mmmmm, denne må prøvast ut :) Takk for deling av oppskrift :)
    Så kule symønster du har fått tak i :) Blir kjekt å sjå alle plagga du tryllar fram :)
    God, solrik vårdag til deg :)
    Klem, Kristin

    SvarSlett
  4. Hei 😊 er følger av bloggen din - takk for at du deler av din kreativitet !! Er helt sikker på at det er flere enn meg du gir inspirasjon til 😊 hadde klubb tirsdag kveld og da ble det servert pizza med oppskrift fra bloggen din. Alle syntes den smakte godt, og alle ble godt forsynt 😊 Rannveig fra Sauda

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Rannveig!
      Så utruleg kjekt å høyre at eg inspirerer! Det er akkurat det eg ønsker:)
      Og så flott at pizzaen fall i smak, den er kjempegod og ikkje minst enkel å lage. Har enno ikkje høyrt nokon som ikkje likar den;) Ønsker deg alt godt!
      Alva.

      Slett
  5. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no